Åpen Kirkegruppe

Julehelsing frå Skeivt arkiv

I samanheng med Åpen Kirkegruppe sitt 40-årsjubileum i byrjinga av 2016, vart det både samle inn eit omfattande antall historiske dokumenter og skreve jubileumsbok. Alle dokumenta vil bli i Skeivt arkiv sitt eige slik at dei vil vere tilgjengelege for komande generasjonar.

Skeivt arkiv har sende oss ein jule- og nyttårshelsing som vi ynskjer å dele med alle.

 

Kjære alle våre vener, støttespelarar, samarbeidspartnarar, følgjarar, arkivgjevarar og andre!

2016 har vore det første året med fast driftsstøtte over statsbudsjettet for Skeivt arkiv, og me har hatt stor aktivitet når det gjeld å dokumentera og formidla skeiv historie. Me ser fram til å gå inn i eit nytt år med nytilsette medarbeidarar som vil gjere oss i stand til i enda større grad å utføra vårt nasjonale ansvar for å ta vare på og formidla denne historia. Sjå vår oppsummering av året her: http/skeivtarkiv.no/arsrapport-2016.

Med dette ønskjer me dykk alle god jul og godt nytt år!

 

Runar Jordåen

Fagleg leiar Skeivt arkiv, førstebibliotekar